Internt tilsette rykkjer opp i staden for nyutlysing – Får skryt av Sløseriombudsmannen


Sløseriombudsmannen har erklært som formål å granske korleis byråkratar og politikarar sløsar vekk skattepengane dine.

Nyleg har politiet i Sogn og Sunnfjord byrja ein rullering av leiarar etter at einingsleiar for politiet i Sunnfjord, Wenke Hope, sa opp stillinga si for å byrje som rådgjevar i offshore-selskapet Westcon.

Ikkje nyutlysing

I staden for å lyse ut ny leiarstilling vert Magne Straumstein som er politistasjonssjef i Sogndal omplassert til Førde. Han skal vikariera i stillinga til nyttår.

Ettersom Straumstein etterlet seg to stillingar er det politistasjonssjef i Vik, Vegard Andersen, som overtek som tenesteeiningsleiar for Sogn, medan Jorunn Furuheim vert politistasjonssjef i Sogndal og Luster og får prøva seg som leiar.

Les også: Kunne omdisponert til vedlikehald: Statens vegvesen gav i staden 23 millionar kroner i julegratiale til seg sjølv

Grafen har spurt Sløseriombudsmannen for synspunkt på denne løysinga.

Han seier at politiet viser gode haldningar ved å forsøkje avgrense veksten i leiarar og heller prioritere grunnstillingar.

Og utdjupar vidare:

– Professor Tom Karp ved Høgskulen i Kristiania skriv om det han kallar «leiarismen» og fortel at talet på leiarar har vekse fire ganger raskare enn arbeidsstyrken generelt dei siste 10 åra. Dette går ikkje på sikt, og sjølv om det kan vere vanskeleg for oss utanfrå å bedømme kva som er rett tal på leiarar i politiet er det godt å sjå at folk internt forsøkjer halde administrasjonen slankast mogleg.

Sløseriombudsmannen seier at om tala til Tom Karp stemmer har vi fått heile 55 000 fleire leiarar dei siste åra enn vi ville fått om leiarveksten følgde sysselsetjinga generelt. Ein leiar kan rett nok også gjere noko operativt arbeid, men kostnaden kan for bli nokre titalls milliardar årleg for samfunnet viss så mange smarte utdanna menneske skal leie andre i staden for å sjølv gjere arbeidet vi treng.

Leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Dag Fiske, som står for omrokkeringa, seier i kommentar til Grafen at det sjølvsagt er hyggeleg å få ros frå det haldet.

– Ein ønskjer jo å forvalte pengane ein får tildelt på best mogleg måte opp mot den tenesta ein kan tilby.

Dersom ein tek ein undersøkelse i norsk politi så går eg utfrå at det også har vore vekst av leiarar set opp mot talet grunnstillingar.

– Heilt forenkla så er jo ein grunnstilling billigare enn ein leiarstilling. Med andre ord får du fleire ansatte i politiet dersom du har færre leiarar. Føresetnaden er naturlegvis at pengetildelinga er lik.

– Så er jo dette naturlegvis meir komplekst. Det har med større krav til dokumentasjon, spesialisering, oppfølging av personal og vidare, som gjer at talet på leiarar har ein tendens til å auke, avsluttar Fiske.

Les også: Norsk Industri-direktør Stein Lier-Hansen: – Talet på offentleg tilsette må bli færre


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.