I ein rykande fersk video annonserer dei russiske teknologiselskapa United Aircraft Corporation [UAC] og Rostec ein førarlaus variant av kampflyet Sukhoi Su-75 med kodenamn «Sjakkmatt».
– Ein profesjonell treng ikkje hammar, men skalpell, seier ein offiser i videoklippet, og legg til at «Sjakkmatt» ikkje er eit nytt femtegenerasjons kampfly. Det er annleis.
Varianten blir produsert utan cockpit og vil i staden ha datamaskin som let flyet operere førarlaust, og utan risiko for at pilotar vert tekne til fange eller drept.
I likheit med droner kan flyet opererast frå bakken.
«Sjakkmatt» har liknande design som amerikanske F-35, men er bygd mykje billigare og er samtidig meir avansert. Kampflyet med stealth-teknologi og ein motor kan fly med nesten dobbel lydfart.
Med stealth-teknoloigi kan det unngå deteksjon av fiendtlege bakkestyrkar og radarsystem. Kampflyet kan bruke korte rullebaner for takeoff og har våpensystem for luftvern, bomber og missiler.
Det er planlagt testflyging allereie i 2023 og produksjon frå 2025, med dei første flya klare for levering påfølgjande år.
Styresmaktene i Russland håpar at varianten som er planlagt å koste mellom 25 og 30 millionar dollar [halvparten av prisen for F-35] vil bringe milliardinntekter frå sal til utlandet.
Fleire land som Argentina, Vietnam og India har meldt interesse for «Sjakkmatt».