Putin: – Kampen mot rasisme er god, men «cancel culture» blir omvendt diskriminering

Foto: Valdai Discussion Club.

Foto: Valdai Discussion Club.

Russlands president, Vladimir Putin, sa på den årlege Valdaj-klubben at den vestlege kampen for likestilling er eit verdig mål, men at den også set kile mellom mennesker.

Det var i dag den russiske presidenten snakka med journalistar i Sotsji og gav uttrykk for at kampen mot rasisme og diskriminering er snudd på hovudet.

– Kampen mot rasisme er god, men «cancel culture» blir omvendt diskriminering, omvendt rasisme, sa han.

– Vi ser med forundring på prosessen som utspelar seg i land som vi har sett på som flaggskip. Talspersonar for såkalla sosial framgang trur dei bringer ein ny bevisstheit til menneskeheita, men oppskriftene dei kjem med er ikkje nye.

I følgje presidenten minner den moderne bevegelsen mot ‘bekreftande handling og sosial rettferd‘ på det som skjedde etter revolusjonen i 1917, då bolsjevikane kunngjorde at dei ikkje berre ville endre den vanlege livsstilen for det russiske folket, men også endre ideen om kva menneskeleg moral var, og grunnlaget for eit sunt samfunn.

– Forresten, så var bolsjevikane heilt intolerante ovanfor andre meiningar som var forskjellige frå deira eigne. Dette burde minne deg på noko av det som skjer i vestlege land, sa han.

Og la til:

– Det er med forundring at vi i Vesten i dag ser praksis som Russland har forlatt i ei fjern fortid.

I følgje presidenten har kampen for likestilling og mot diskriminering blitt ein aggressiv dogmatisme på randen av absurditet.

Han viser spesielt til Hollywood for det han anser som «kvoter» for kor mange fargar eller kvinner som skal vere med i ein film, som han kalla strengare enn Sovjetunionen sitt propagandadepartement.

– Dei skyv mennesker frå kvarandre, medan dei verkelege forkjemparane for rettar i samfunnet forsøkjer eliminere desse forskjellane, sa han.

Presidenten leste vidare opp eit sitat frå Martin Luther King sin ikoniske tale frå 1963:

Eg har ein draum om at dei fire små barna mine ein dag skal leve i eit land der dei ikkje vil bli vurderte ut frå hudfargen, men ut frå korleis dei er.

I følgje presidenten bryr ikkje folk i Russland seg om verken hudfarge eller kjønn fordi kvar og ein av oss er eit menneske.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.