
Verda kan møte ei ny finanskrise liknande den i 2008-09 som følgje problem som har samla seg opp dei siste 18 månadene, eit biprodukt av tiltak styresmaktene har implementert i kampen mot covid-19.
Det skriv den russiske sentralbanken i ei melding.
I følgje sentralbanken kan verdsøkonomien gå inn i ny krise som følgje sterk gjeldsvekst for land og aukande tal føretak med svak finansiell soliditet.
Sentralbanken har utarbeidd fire scenarier for nær framtid til 2024. I følgje sitt ‘grunnlinje’-scenario kan ein unngå resesjon dersom landa når sine vaksinasjonsmål, og dei avanserte økonomiane normaliserer pengepolitikken.
Dei tre andre scenariene teiknar derimot eit meir dystert bilete:
- i første scenario blir pandemien betydelig verre, noko som fører til økonomisk krasj verda over.
- i andre vert pandemien betre, men problem som har samla seg opp gjennom pandemien forverrar den økonomiske situasjonen og forårsakar aukande inflasjon.
- tredje scenario tek utgangspunkt i at pengepolitikken vert normalisert av avanserte økonomiar, men ustabil dynamikk i finansmarknadane fører til mistillit hjå investorar – noko som er det verste av alle i følgje banken.
Russlands økonomi har i dag høg inflasjon på nær 6,5 %. I slutten av juli annonserte sentralbanken at den vil auke renta for å matche styringsrenta med 6,5 % årleg inflasjonsrate i forsøk på å oppmuntre til sparing og motverke lån.
Sentralbanken ønskjer å få dette talet ned til det offentleggjorte målet på 4 %.
Les også: Forbes: – Negative renter i Europa gjer Russland «skotsikkert»