Val 2021: Dette seier Høgre og Arbeidarpartiet om vegprising

Kommunikasjonsrådgjevar i Høgre, Kine Nossen, seier til Grafen at det brukast no meir på utbygging av infrastruktur enn det bilistane betalar i avgifter. Foto: Høgre.

Vegprising vert truleg innført i Noreg innan fem år. Satellitt, 5G og GPS vil sørge for at køyretøyet ditt er fullovervaka til kvar tid uansett kvar du reiser og føremål.

Systemet som allereie finst i mange europeiske land krevjer automatisk inn avgift basert på tal kilometer køyrt og anna informasjon om køyretøy, som typegodkjenning og eurokrav. Vegprising kan ha ein takst for køyring på europavegar og ein anna for riksvegar.

Med vegprising vil avgiftene per kilometer vere avhengig av når og kvar du køyrer. I område med mykje trafikk vil avgifta per kilometer vera høgare.

Transportøkonomisk institutt laga i 2019 ei analyse om at vegprising vil snu opp ned på bilavgifter: 20 øre per kilometer i distrikta og 4-5 kroner i rushtida i byane. Vert desse prisane lagt til grunn risikerer du betale 100 kroner i avgift om du må køyre 20 kilometer for å komme til butikken i rushtida.

Fleirtalet vil ha vegprising

På Stortinget er det i dag berre Framstegspartiet som er i mot vegprising. Grafen har spurt Høgre og Arbeidarpartiet kva dei meiner om systemet. Svara kan du lese nedanfor.

For Høgre har kommunikasjonsrådgjevar Kine Nossen svart på spørsmåla:

– Kvifor skal vi ha vegprising?

– Vi har flere former for vegprising også i dag i form av avgifter på bensin og diesel, og bompengar. Dei som brukar vegane er dermed med å betale for delar av det bruken av vegnettet kostar samfunnet. Det kan vere fornuftig å vurdere om det er andre og meir rettferdige måtar å krevje inn bruksrelaterte avgifter, ikkje minst i byområda. Det finst teknologiske løysingar for vegprising som det kan vere fornuftig å utgreie. Stadig er ein større del av bilparken elektrisk, noko som også gjer det nødvendig å utgreie korleis eit framtidig bærekraftig avgiftssystem skal utformast.

– Kvifor skal fellesgodet offentleg veg bli brukarbetalt?

– Det er ikkje urimelig at dei som brukar vegane også er med å betale delar av kostnadane. I Noreg har vi over lengre tid hatt bruksrelaterte avgifter på bensin og diesel, i tillegg til at bompengar er nytta for å få fortgang i mange viktige vegprosjekt. Samtidig har vi dei siste åra redusert avgiftsnivået på bil vesentleg, og samla avgiftstrykk er lågare enn på lang tid. Det brukast no meir på utbygging av infrastruktur enn det bilistane betalar i avgifter.

– Er brukarbetaling av veg rettferdig eller ansvarleg politikk?

– Eg meinar det er fornuftig at dei som brukar bil, er med å betale delar av kostnaden gjennom avgifter. Samtidig skal vi ha eit moderat avgiftsnivå, og det er ikkje behov for å auke avgiftene. Vi utgreiar korleis eit framtidig bærekraftig avgiftssystem skal utformast.

– Den gang Noreg var langt mindre rikt enn i dag, var fri ferdsel på offentleg veg ein sjølvfølge. Kva har skjedd?

– Behovet for investeringar i ein framtidsretta infrastruktur er stort. Vi har gjort mykje i løpet av dei siste åtte åra og dobla samferdslebudsjettet. Bruk av bompengar har dei siste 30-40 åra blitt brukt for å få ytterlegare framdrift i utbygginga av infrastruktur, ikkje minst av omsyn til dei som brukar vegane. Denne politikken har det vore brei tilslutning til i Stortinget.

For Arbeidarpartiet har politisk rådgjevar Jo Heinum svart på spørsmåla:

– Kvifor skal vi ha vegprising?

– Brukarbetaling på veg er ein form for skatt, altså bidrag til finansiering av fellesgode. Ingen likar å betale skatt. Likevel er det nødvendig for at vi skal vere eit sivilisert land. Spørsmålet er korleis vi innrettar fordelinga mellom ulike typar skatt, og samla nivå. For Arbeidarpartiet er det viktig å sikre eit system som både bidrar til vekstkraftig næringsliv, stimulerer til arbeid og samtidig gir gode velferdstenester og rettferdig fordeling.

– Kvifor skal fellesgodet offentleg veg bli brukarbetalt?

– Sjølvsagt kunne vi, om vi ville, byggje verdas finaste vegar og latt alle køyre gratis over alt. Men då måtte vi ha brukt mindre på sjukehus, eldreomsorg, skule, næringsretta forsking osv., for ikkje å snakke om pensjon. I gamledagar brukte vi svært lite på dette samanlikna med i dag.

– Er brukarbetaling av veg rettferdig eller ansvarleg politikk?

– Vegprising er etter vårt syn ei meir rettferdig form for brukarbetaling. Bompengar slår ulikt ut for ulike bilistar. Nokon betaler mykje, medan andre betaler ingenting. Særleg i byområda er bompengane no på eit nivå som slår sosialt skeivt ut. Vi vil i tillegg unngå at enkeltpersonar får urettferdig høge kostnader berre fordi dei bur på «feil side» av bommen eller får barnehageplass på andre sida av byen.

– Den gang Noreg var langt mindre rikt enn i dag, var fri ferdsel på offentleg veg ein sjølvfølge. Kva har skjedd?

– Mtp. oljefondet («rikt land»), så er det viktig å hugse skilnaden mellom samfunnsøkonomi og privatøkonomi. På samfunnsnivå vil for høg, samla pengebruk påverke prisar, rente og kronekurs på ein måte som svekkar næringslivet si konkurransekraft. Ansvarleg og kompetent finanspolitisk styring er derfor nødvendig, og noko som alltid har kjenneteikna Arbeidarpartiet.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.