Fotball EM 2021: Landslagsdrakta til Ukraina brukar slagord knytt til massakrar på polakkar og jødar

Søndag presenterte det ukrainske landslaget og utanriksminister Dmytro Kuleba den nye landslagsdrakta som skal brukast i europameisterskap i fotball for menn som har avspark komande fredag.

Drakta som har landet sine offisielle fargar i gult og blått har fått påtrykt fleire kontroversielle politiske uttrykk.

På utsida av drakta er det trykt teksten «Ære til Ukraina» og på innsida «Ære til heltane». Begge desse uttrykka vart brukt av den politiske rørsla ‘OUN’ under andre verdskrig og av den ukrainske opprørshæren ‘UPA’ i same periode.

UPA var ei militær grein av den politiske OUN-rørsla og dreiv ein systematisk terror-kampanje mot den polske befolkninga i grenseområda under andre verdskrig, og etnisk reinsing saman med tyske styrkjar.

Talet på offer for denne terroren var rekna over 100 000 menneskeliv. 

Les også: Zelenskij kasta ut pårørande frå Boryspil lufthamn for å leggje ned roser foran eigen pressefotograf

Jusjtsjenko, Oransjerevolusjonen, Majdan og EM i fotball

I dag er OUN omdøypt til KUN [Kongressen av Ukrainske Nasjonalistar, red. anm.]. KUN var med i Vårt Ukraina-koalisjonen, leia Viktor Jusjtsjenko – eit fjes mange hugsar, og som strekkjer seg attende til massive gatedemonstrasjonar finansiert og organisert av vestleg etterretning, og var kjende som ‘oransjerevolusjonen’.

Det ukraniske landslaget si promotering av fascist-uttrykk i organisasjonar knytt til massakrar på polakkar og jødar har skapt reaksjonar frå fleire hald.

Ved sidan av russiske styresmakter har Eduard Dolinsky som leiar den ukrainske jødiske komiteen kritisert landslaget.

Dolinsky har fleire ganger tidlegare anklaga regimet i Kiev for kvitvasking av nazismen og regjeringa si glorifisering av denne, og at både regjeringa og politiet tillet ekstreme organisasjonar å halde paradar som hyllar nazismen i byane.

På Twitter skriv han at landslaget skal spela fotball i uniform med uttrykk brukt av nasjonalistar som stod bak massedrap og etnisk reinsing.

Sidan Maidan 2014 har grupper som glorifiserer nazismen blitt tekne inn i varmen av politikarar i Ukraina, som omtalar ekstremistane som personar som kjempar for fridom og demokrati i landet.

The Times of Israel har fleire ganger kritisert utviklinga og paradane, seinast 4. mai i år, då hundrevis marsjerte i Kiev og hylla den såkalla Galizia-divisjonen [14. Waffen-Grenadier-Division der SS, red. anm.]. Mannskapet i divisjonen bestod for det meste av ukrainarar busett i Galizia, kjent som Raudrussland, ein historisk region i Sentral-Europa.

Etter andre verdskrig vart området delt mellom Sovjetunionen og Polen. Før frigjeringa vart mesteparten av den jødiske befolkninga i regionen utrydda.

I den ukrainske byen Lviv der Majdan starta er det reist monument av krigsforbrytaren Stepan Bandera som leia OUN-rørsla og var delaktig i denne utryddinga. Styresmaktene i Lviv har også planar om å endre namn på fotballstadion etter krigsforbrytaren. 

Oppdatering: UEFA som organiserer europameisterskap opplyste tidlegare at dei hadde godkjent den ukrainske drakta. Torsdag 10. juni gjorde UEFA heilomvending og krev at Ukraina fjernar politiske uttrykk frå draktene sine. Uttalen frå UEFA sler fast at uttrykka på draktene i kombinasjon er av militaristisk karakter.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.