Nrk produserte tre forskjellige versjonar av Navalnyj-notis


Grafen kan avsløre korleis det statlege nyhendebyrået Nrk produserte tre forskjellige versjonar av ei notis som omhandla den russiske yrkesdemonstranten Aleksej Navalnyj sin retur til fengselet etter å ha avslutta eigen «sveltestreik». 

Navalnyj er ikkje som fangar flest: han får lov til å bruke smarttelefon i fengselet og legg ut nærast daglege statusoppdateringar i sosiale medier, han trenar utandørs i apparat, og har langt betre soningsforhold enn dei fleste.

Tidlegare i år vart han fengsla i 2,5 år for brot på vilkåra for prøvetid i ein tidlegare dom. Kort tid etter påbegynt soning byrja aktivisten sveltestreik fordi han må bruke fengselslege framfor eigen «fastlege» til helsetenester og oppfølging.

I Noreg er det også slik at fengselslege har ansvar for oppfølging av innsette – utan at det fører til sveltestreikar og stoff i avisene.

Slik endra det statlege nyhendebyrået ei notis om den russiske aktivisten Aleksej Navalnyj. Skjermbilde: Nrk.no/Grafen.

Slik produserte «anonyme» Nrk-tenestemenn desinformasjon ved å spele på kjensler:

Klokka 10:27 skreiv Nrk ei notis på framsida med teksten: «Fengslede aktivist Aleksej Navalnyj fra den russiske «ekstremistiske» bevegelsen har blitt returnert til sitt originale fengsel. Dette etter å ha blitt friskmeldt fra en sultestreik».

Sju minutt seinare la statskanalen til setninga med følgjande påstand: «Han skal ha opplevd akutte smerter i bein og rygg, og sultet seg i mars for å kreve bedre medisinsk behandling i fengselet».

Åtte minuttar seinare endra statskanalen den første setninga «den russiske «ekstremistiske» bevegelsen» til «den russiske opposisjonsbevegelsen».

Til slutt var notisen endra slik:

«Fengslede aktivist Aleksej Navalnyj fra den russiske opposisjonsbevegelsen har blitt returnert til sitt originale fengsel. Dette etter å ha blitt friskmeldt fra en sultestreik. Han skal ha opplevd akutte smerter i bein og rygg, og sultet seg i mars for å kreve bedre medisinsk behandling i fengselet.»

Nettsjef vil ikkje svare på spørsmål…

Nrks nettsjef Hildegunn Soldal har ikkje svart Grafen på spesifikke spørsmål om kvifor notisen er endra fleire ganger. Soldal har heller ikkje ville gi byline på kven som forfatta og kven som endra notisen.

Eit kjenneteikn på desinformasjon og falske nyhende er at dei ofte spelar på kjensler, fordi lesarar kan verta mindre kritiske. I Nrks notis vart det lagt til fleire påstander om m.a. «akutte smerter», og «opposisjon» for å appellere til lesaren.

Det er ikkje første gang Nrk produserer falske nyhende og desinformasjon om Russland. Slike meldingar kjem nærast dagleg ofte i form av falske/anonyme intervju eller feilaktige påstander.

Grafen har tidlegare hatt fokus på dette då Nrk påstod at Navalnyj sona 2,5 år fengsel for ærekrenking – noko som ikkje er sant.

Les også: Nei, Navalnyj sonar ikkje ein dom på to og eit halvt år for ærekrenking