Angrande aktivist risikerer 15 års fengsel og utlevering til Luhansk

Aktivisten Roman Protasevitsj angra på at han oppmoda til valdelege demonstrasjonar og opptog i Kviterussland. Dette fortalte han i intervju med stjernejournalisten Marat Markov 3. juni 2021 på den kviterussiske statskanalen. Foto: ONT.

Den kviterussiske statskanalen ONT viste i går eit TV-intervju med den mykje omtalte opposisjonsaktivisten Roman Protasevitsj, som vart pågripen med kjærasten Sofia Sapega på Minsk lufthamn 23. mai i år.

Pågripinga skjedde etter at eit fly han var ombord frå Hellas til Litauen måtte mellomlande i Kviterussland etter bombetrugsmål. Sidan han var etterlyst fekk han ikkje borde flyet når det skulle reise vidare.

I intervjuet fortalte Protasevitsj at han angra på den politiske verksemda si og at han ville gjere opp for seg. Han forklarte seg også om opposisjonen og korleis denne var finansiert og støtta av eksterne krefter, blant anna vestleg etterretning.

Nettsida han var redaktør for, Nexta, oppfordra til valdelege demonstrasjonar og opptog til støtte for opposisjonen. I intevjuet sa Protasevitsj at mykje var organisert av eksterne spesialistar.

Interne konfliktar

Om Svetlana Tikhanovskaja, den mest kjente av opposisjonsleiarane og opposisjonen sin kandidat ved presidentvalet 2020 sa han at Tikhanovskaja var villig til å goda eit valdeleg kupp i Kviterussland.

Han fortalte vidare om konfliktar med fleire opposisjonsleiarar som meinte at fleire demonstrasjonar ved naudsynt for å få gjennomført [vestlege] sanksjonar som kunne øydeleggje økonomien i Kviterussland, og slik framprovosere eit regimeskifte.

Sjølv lev opposisjonsleiarar eit luksusliv i Polen og Litauen.

Då intervjuaren, den kviterussiske stjernejournalisten Marat Markov, konfronterte han med tilknytning til den høgreekstreme militsen Azov og deltaking i krigen mot den opprørske befolkninga i Aust-Ukraina 2013-2015 – samt at styresmaktene i Luhansk vil tiltale han for krigsbrotsverk, braut han saman og gret.

Då Markov vidare spurte korleis han greidde sove med alt han hadde på samvittigheita, bad Protasevitsj om tilgivelse for det han hadde gjort, og lova fullt samarbeid under etterforskinga.

Originalopptaket av intervjuet skal vera over fire timar, men styresmaktene i Kviterussland held attende intervju av omsyn til den pågåande etterforskinga av han.

[Ein opposisjon der leiarane] var villige til å trekkje vanlege folk inn i terror- og valdshandlingar for å verkeleggjere sine ambisjonar

Doktor i russisk historie, Bjørn Nistad, skriv i kommentar på bloggen sin at intervjuet har teikna eit flatterande bilete av ein opposisjon der leiarane framstod som maktsjuke, grådige og kyniske personar som i samarbeid med utanlandsk etterretning og andre utanlandske miljø var villige til å trekkje vanlege folk inn i terror- og valdshandlingar for å verkeleggjere sine ambisjonar.

I Kviterussland risikerer Protasevitsj 15 års fengsel. I tillegg har styresmaktene i Luhansk etterlyst han for krigsbrotsverk.

Straffa er likevel raus og mild samanlikna med Julian Assange som allereie har vore 10 år i britisk fangenskap og risikerer 175 års amerikansk fengsel for å ha publisert bevis for krigsbrotsverk som varsleren Chelsea Manning hadde fått tilgang til gjennom arbeidet som analytikar i det amerikanske forsvaret.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.