Digital konferanse: Krim i eit geopolitisk perspektiv

Gjenforeininga av Krimhalvøya med Russland i 2014 førte til store utanrikspolitiske konsekvensar. No arrangerer norske Hendrik Weber ein konferanse som belyser ulike geopolitiske forandringar i vårt forhold til Russland.

Samarbeid mellom vestlege statar og Russland har på fleire område vorte lagt på is, og Vesten har innført omfattande sanksjonar mot Russland, spesielt mot befolkninga på Krim.

Fleire politikarar og diplomatar snakkar om ein ny kald krig mellom Europa og Russland, og den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov seier at sjølv under den kalde krigen var situasjon ikkje så uføreseieleg som i dag.

Informasjonsblokkade

Sanksjonane skadar ikkje berre vår eigen økonomi, men er spesielt krevjande for befolkninga på Krim. Innbyggjarane der får ikkje visum til europeiske land, brev og pakkar kan verken sendast eller takast i mot, og samarbeid mellom universitet, føretak og organisasjonar er brote.

I tillegg har vestleg media bygd opp ein informasjonsblokkade. Vi får ikkje vite kva som verkeleg føregår på Krim og kva konsekvensar vår politikk ovanfor Russland vil få i framtida.

Den tverrrpolitiske foreininga Folkediplomati Norge har teke initiativ til å halde ein konferanse  om temaet «Krim i eit geopolitisk perspektiv». Føremålet med konferansen er å belyse dei geopolitiske forandringane i vårt forhold til Russland.

Gratis påmelding

Føredragshaldarane vil fortelje om dei økonomiske og politiske konsekvensane ved å avvise samarbeid med Russland, og den russiske regjeringa vender seg mot Kina og Asia. Dei vil også belyse informasjonen vi i Noreg får gjennom media og menneskerettsorganisasjonar og deira rolle i å fordømme Russland.

Konferansen startar 27. mai kl. 19.00 og føregår på norsk og engelsk. Påmelding til konferansen er gratis og skjer her.

Føredragshaldarar på konferansen:

Dr. Georgij Muradov
Visestatsminister på Krim
Kvifor gjenforeining av Krim til Russland er lovleg

Prof. Glenn Diesen
Universitetet i Sørøst Norge – Institutt for økonomi, historie og samfunnsvitenskap
Russland frå Stor-Europa til Stor-Eurasia: Konsekvensane av Krim

Dirk Pohlmann
Journalist og dokumentarfilmskapar
Skade Russland – Den nye politikken til det grøne partiet i Tyskland

Lars Birkelund
Musikant og skribent. Forfattar av “Norges krig mot Syria”
Om media og organisasjonars rolle under internasjonale konfliktar

Hendrik Weber
Leiar Folkediplomati Norge


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.