Vil oppgradere den transsibirske jarnvegen som alternativ til Suezkanalen

Foto: Chanak/Pexels.

Det mest miljøvenlege alternativet å frakte containerar mellom Asia og Europa er naturlegvis jarnbane.

Den arktiske sjøruta eller Nordaustpassasjen er ikkje det einaste alternativet til Suezkanalen som nyleg var blokkert ei veke i mars. Transportselskap måtte då liggje i opplag eller finne nye ruter å sende varene med.

No håpar den russiske milliardæren Oleg Deripaska at det statlege monopolet som driftar jarnbana vil sjå med nye auge på transpormuligheitene der. I følgje Deripaska har Russland fleire prosjekt som enkelt kan bli substitutt til den egyptiske kanalen, og det viktigaste er solid oppgradering av den transsibirske jarnvegen.

God samfunnsøkonomi i satsing på jarnbane

– Kina dobla trafikken på den russiske jarnbana dei første to månadane i år, og dei høge prisane sjøvegen gjer at leverings- og logistikkselskap veljer å auke transport på bana, sa Deripaska på Telegram.

Han la til at blokkeringa i Suezkanalen burde få det internasjonale samfunnet til å utvikle og satse på togtransport frå Asia til Europa.

– Det mest openbare og økonomisk forsvarlege målet er å utvikle Russland til eit knutepunkt som blir ein kobling mellom Europa og Asia, seier han.

Gjennom Suezkanalen går 15 % av verdas skipstrafikk. Den vart blokkert i mars då det 400 meter lange containerskipet ‘Ever Given’ stod fast. Ei blokkering av trafikken der kan påføre den globale handelen eit tap på 85 milliardar norske kroner per veke.

Deripaska meiner at opprusting av jarnbana også kan bli eit konkurrerande alternativ til den kinesiske silkevegen som vert ein link mellom Asia og Aust-Europa og Midtausten.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.