Nei, Navalnyj sonar ikkje ein dom på to og eit halvt år for ærekrenking

Foto: Grafen.

NRK er ekspert på gul journalistikk og brukar ofte misvisande overskrifter, falske intervju eller feilaktige påstander i artiklar om Russland.

Dagleg vert norske borgarar fora med antirussisk propaganda og konspirasjonsteoriar gjennom det statlege nyhendebyrået.

Bodskapen er enkel: Russland er onde, vi er gode.

Du hugsar kanskje påstander om u-båt observasjonar i Dalsfjorden, der sjølv lensmannen i kommunen bidrog med konspirasjonsteoriar. Artiklane til NRK brukte tvilsomme kjelder som bloggen til Kjetil Stormark.

Siste veka har fokuset vore på salet av Bergen Engines til den russiske togprodusenten TMH.

Statskanalen utelét bevisst informasjon om at TMH, eller Transmashholding som det heiter, er verdas fjerde største føretak innan transportteknologi. Dei har kontor i fleire land og over 53 000 ansatte. At salet vil skape fleire teknologiarbeidsplassar i Bergen og eksport av motorar produsert i Noreg til heile Asia får du ikkje lese noko om.

Les også: TASS-spesialserie: 20 spørsmål med Putin om sivilsamfunn og utanlandske agentar

Les også: Navalnyj endeleg arrestert

NRK siterer anonyme kilder ingen veit kven er, og påstår utan nokon form for bevis at Transmashholding har forbindelsar til Russlands president, Vladimir Putin.

I går skreiv statskanalen at russiske styresmakter har ‘auka bøtene for demonstrantar’. Dei har bevisst uteléte at bøtene kun gjeld ulovlege demonstrasjonar. Ved å utelate denne informasjonen og bruke minusord får heile saka negativ klang: den gir inntrykk av at alle slags demonstrantar får bøter uansett.

Til opplysning får ein bøter i Noreg også for å delta i ulovleg demonstrering; bøter på gjerne 20 000 kroner eller meir, bøter som er tidobbelt av kva du måtte få i Russland.

Derimot, hadde du blitt bøtelagt for demonstrasjon i Noreg ville ikkje NRK omtalt deg demonstrant eller opposisjonell; men som aktivist eller pøbel som hindrar offentleg ro og orden.

Endra tittel og ingress etter klage, men unnlot å informere publikum om endringa

I dag, torsdag 25. februar publiserte NRK ein ny artikkel med påstanden: ‘Aleksej Navalnyj må sone ein dom på to og eit halvt år for ærekrenking’. Denne saka låg øvst på NRK.nos forside i fleire timar, og er ikkje til å misforstå: Ingressen gjev inntrykk av at ein opposisjonspolitikar må sone 2,5 år i fengsel for sine ukvemsord.

NRKs første sak med påstand om at Aleksej Navalnyj må sone ein dom på to og heit halvt år for ærekrenking.
Etter klage endra NRK både tittel og ingress utan å informere publikum om endringane som var gjort. Ein teknikk å manipulere lesarane sine på.

NRK har også lang historikk med å spreie falske nyhende om mellom anna Israel, og har fleire ganger vorte klaga inn til PFU for sin aggressive propagandajournalistikk.

Navalnyj er best omtalt som ein utanomparlamentarisk opposisjonspolitikar og yrkesdemonstrant. Han er utan folkevald representasjon.

Russland har seks politiske parti i parlamentet og 37 registrerte politiske parti. I Noreg har vi parti utan folkevald representasjon. Dette er parti som Alliansen, Feministisk Initiativ, Helsepartiet og liknande. Var Navalnyj norsk ville han høyre til denne gruppa.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.