Merkel: – Uaktuelt å stoppe Nord Stream 2-prosjektet

Foto: EPP/CC BY 2.0.

USA har lenge forsøkt torpedere det tysk-russiske Nord Stream 2-prosjektet fordi dei sjølv vil selje dyr amerikansk skifergass til Vest-Europa, då frakta med skip over Atlanterhavet.

Amerikanske styresmakter har gjort det til vane å innføre økonomiske sanksjonar mot alle slags utanlandske føretak som overgår amerikanske i konkurranse, noko den russiske leveransen av gass til Europa gjer.

Dei seinare åra har den amerikanske regjeringa gått til åtak på eigne allierte sine interesser om dei ikkje bøyger kneet for amerikanske. Det Norske Veritas eller DNV GL som det no heiter vart i fjor haust truga med økonomiske sanksjonar for deltakelse i prosjektet.

Altså trugar amerikanske styresmakter ikkje berre europeiske, men også direkte norske interesser og arbeidsplassar, og norsk økonomi.

Nord Stream 2-gassledningen går frå Vyborg i Russland til den tyske byen Greifswald. I alt vil det liggje 1230 kilometer med gassrøyr på botnen av Austersjøen når prosjektet er ferdig. Nord Stream har ein transportkapasitet på 55 milliarder kubikkmeter gass per år.

Fleire tusen europeiske bedrifter tenar på prosjektet anten direkte eller indirekte som underleverandør, eller ved sal av produkt gjennom ulike ledd.

Bakgrunnen for Nord Stream 2-prosjektet er å unngå at gassleveransen til Vest-Europa vert råka av konfliktar mellom statar i geopolitisk konflikt. Ved å føre gassen direkte mellom Russland og Tyskland unngår ein det politisk ustabile styresettet som er funne i Ukraina, Kviterussland og Polen.

Gassledningen mellom Russland og Tyskland vil bidra til trygg og stabil energi for heile Europa

Amerikansk gass frakta med skip over Atlanterhavet vil utgjere ein stor tryggleiksrisiko for Europa, fordi politisk usemje med USA vil raskt føre til ein situasjon der den amerikanske regjeringa stoppar gassleveransen for å presse gjennom eigne politiske interesser.

Noko slikt ville medføre ei europeisk energikrise med store økonomiske konsekvensar som følgje av energimangel.

Tysklands forbundskansler Angela Merkel har fleire ganger forsvart prosjektet og seier det er uaktuelt å stoppe det.

Merkel sa på pressekonferanse førre veke at prosjektet vil halde fram sjølv om USA innfører sanksjonar mot Tyske bedrifter, og at ho vil ta opp tyske interesser med Biden-administrasjonen.

Også den nye leiaren av CDU-partiet og Merkels etterfølgjar Armin Laschet var tydeleg på at Tyskland bestemmer.

På eit spørsmål om han ville revurdere Nord Stream 2-prosjektet svara han kontant «Nei».

Laschet uttalte vidare at Tyskland og Russland har halde ved like akademiske og forretningsmessige band sjølv på toppen av den kalde krigen.

Miljøvernminister i Tyskland, Svenja Schulze, var tydeleg på at avgjerda om gassledninga vart teken for mange år sidan. Til avisa Redaktionsnetzwerk Deutschland [RND] uttalte ministeren at Nord Stream 2 er snart ferdigstilt og har alle godkjenningar i tråd med gjeldande rett.

– Skulle prosjektet stoppe no vil det påføre oss stor skade og skape tvil om kor påliteleg den tyske rettsstaten er. I tillegg vil det komma ei rekkje rettsforhandlingar, sa Schulze.

Bedrifter i Tyskland delar det same synet.

Oliver Hermes som er direktør for Wilo Group med 8000 ansatte seier sanksjonane frå USA er belastande for ein «ny start» på dei transatlantiske relasjonane mellom Europa og USA i ei tid der Biden-administrasjonen gir håp om fornying.

Les også: Tyskland bør innføre straffesatsar på amerikansk gass og bruka makt på EU-nivå til å innføre slik straffetoll over heile EU


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.