Navalnyj endeleg arrestert

I 2007 ville yrkesdemonstranten Aleksej Navalnyj legalisere våpen. Foto: YouTube.

Søndag kveld vart den russiske yrkesdemonstranten og ekstremisten Aleksej Navalnyj arrestert på Sjeremetjevo internasjonale lufthamn utanfor Moskva.

Russlands pressetalsmann Dmitry Peskov har tidlegare uttalt at Navalnyj samarbeidar med amerikansk etterretning. Dette har skjedd fleire ganger dei seinare åra, der etterretningstenesta gir instruksjonar og vil påverke han og pøbelgjengen han styrer.

Frå tidlegare er Navalnyj tiltalt og dømd for underslag av fleire millionar kroner frå eigne organisasjonar, blant anna anti-korrupsjonsfond. Navalnyj har nytta pengane hovudsakleg til eige privat forbruk.

I Russland er han best kjent som ein fargeklatt med ekstreme meiningar.

– Samanlikna folket i Kaukasus med kakerlakkar

Tilbake i 2007 etter at han var ekskludert frå Jabloko-partiet, publiserte han ein video der han samanlikna folket i Kaukasus med kakerlakkar, og tok til ordet for å legalisere handvåpen, slik at den russiske befolkninga kunne «beskytte» seg mot dei.

Vidare deltok han i ei rekkje marsjar organisert av høgrenasjonalistar, noko som resulterte i at han vart ekskludert frå partiet.

I 2018 starta han opp sitt eige parti, ‘Russia of the Future’, som ikkje er formelt godkjent av styresmaktene, og i neste runde treng nok underskrifter for å kunne stille til val.

I 2020 hevda han å vere forgifta med nervegifta novitsjok – ei gift som er åtte gonger meir potent enn VX – og reiste deretter til Tyskland.

Felles for vestlege massemedier er at dei har narrativ om å framstille Navalnyj som modig opposisjonspolitikar, og i den forteljinga passar ikkje Navalnyjs mørke fortid inn.

Vestlege massemedier skriv heller ingenting om den reelle opposisjonen i Russland slik som kommunistpartiet leia av Pavel Grudinin eller Vladimir Zjirinovskij som leiar det liberaldemokratiske-partiet.

I den vestlege forteljinga blir Russland framstilt som om Navalnyj eine og aleine utgjer og leiar heile opposisjonen. Derimot er det 39 registrerte politiske parti i Russland, og seks av desse er representert i den lovgjevande forsamlinga.

Aleksej Navalnyj. Foto: Evgeniy Isaev/CC BY 2.0.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.