Fersk undersøkelse: Fast heimekontor vert den nye normalen

Foto: Vlada Karpovich/Pexels

Eit studie utført for teknologiføretaket Cisco har funne at ni av ti arbeidarar vil halde fram med å jobbe heime sjølv etter dei omfattande koronavirus-restriksjonane.

Av dei spurte arbeidde berre fem prosent heime før restriksjonane vart sett i verk, men no vil heile 90 prosent arbeide heimefrå i følgje studiet ‘Workforce of the Future‘.  I alt er 10 000 personar frå Europa, Russland og Midtausten spurde.

– Bedrifter må tenkje nytt

Visepresident i Cisco, Gordon Thomson, seier at bedrifter må tenkje nytt om korleis dei skal drive. Eit av dei største problema er korleis data skal vere sikre og trygge heimefrå, seier han.

Les også: Norsk Industri-direktør Stein Lier-Hansen: – Talet på offentleg tilsette må bli færre

Eit tidlegare studie frå Cisco som vart publisert førre veke konkluderte med at halvparten av bedriftene har planar om redusere kontorplassar, ettersom dei forstår at heimekontor vert det nye når kronavirus-pandemien er over.

Arbeid heimefrå, på heimekontor, vert den nye normalen når 90 % av spurde seier dei ikkje vil returnere til kontoret sitt på fulltid. Dette var også konklusjonen i eit anna studie publisert av universiteta Cardiff og Southampton tidlegare i år. 

Majoriteten av dei spurde meiner dei er like produktive eller meir produktive når dei arbeidar på heimekontor.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.