Energiopptur: Tyskland aukar no importen av russisk gass

Foto: Jiatong Tian/Pexels

Tyskland har blitt den største forbrukaren av russisk gass i Europa etter at dei dobla importen av det blå brenselet på ein månad. Det viser ferske tal frå russiske tollstyresmakter.

Russland pumpa over 3,2 milliardar kubikkmeter gass til Tyskland i august. Dette er meir enn dobbelt så mykje som i juli, og ti prosent meir enn same periode i fjor.

Frankrike som er europas nest største økonomi, importerte åtte prosent meir enn same periode i fjor. I alt 1,4 milliardar kubikkmeter.

Korona råka energimarknaden hardt

Koronavirus-pandemien har råka energimarknaden hardt. Den russiske energigiganten Gazprom fekk eit stort fall i inntekter første halvåret etter fall på rundt 17 % i gassmarknaden.

Russland fullfører i desse dagar gassledninga Nord Stream 2 frå Vyborg i Russland til den tyske byen Greifswald.

Gassledningen vil bidra til trygg og stabil energi for Europa og er bygd i samarbeid mellom russiske Gazprom, tyske Uniper og Wintershall, austeriske OMV, franske Engie og nederlandske Royal Dutch Shell.

USA har lenge forsøkt å torpedere prosjektet fordi dei sjølv vil selje skifergass til Europa, og forsøkjer stadig hindre konkurrentar med sanksjonar og trugsmål.

Gass frå USA utgjer derimot ein stor tryggleiksrisiko for Europa, fordi politisk usemje kan føre til at USA med stor sannsynlegheit vil kutte gassleveransen til Europa, som vil medføre ei europeisk energikrise.

 


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.