
Historikar Bjørn Nistad skriv i kronikk på Steigan.no at Europa vert styrt av politikarar som fremjar amerikanske – og ikkje europeiske – interesser.
Det var i går EU-parlamentet vedtok ein resolusjon om å ikkje anerkjenne Aleksandr Lukasjenko som Kviterusslands president, og tok til ordet for å betrakte den kviterussiske opposisjonen som legitime styresmakter.
Same dag vedtok parlamentarikarane ein resolusjon som antydar at styresmaktene i Russland står bak det som vert omtalt som drapsforsøk på aktivisten Aleksej Navalnyj, og at dette var del av eit systematisk forsøk på å bringe opposisjonelle røyster til tausheit.
Les også: Herland Rapporten: – Vi er det landet i Europa med dei mest einsretta mediene
Som reaksjon på det påståtte drapsforsøket kravde EU-parlamentet at Nord Stream 2-prosjektet [gassledningen frå Vyborg i Russland til den tyske byen Greifswald, red. anm.] – måtte innstillast, og at Russland må isolerast i internasjonale fora.
Ingen av resolusjonene er bindane for medlemsstatane, men dei gjev uttrykk for haldningar og oppfatningar i den europeiske eliten.
Nistad skriv dette vitnar om ekstremt anti-russiske haldningar.
– Haldningane kjem delvis frå Polen, dei baltiske statane og andre austeuropeiske land, delvis frå såkalla menneskerettsorganisasjonar og delvis frå massemedia, som i fleire tiår har vore anti-russiske, skriv han.
Ein god porsjon dobbeltmoral
Nistad skriv at resolusjonane vitnar om ein god porsjon dobbeltmoral. EU-politikarane trugar med sanksjonar på grunn av handsaminga av opposisjonelle i Kviterussland og Russland.
– Brutal undertrykkelse av den gule vestar-røyrsla i Frankrike, inkludert bruk av gummikuler som har blinda fleire demonstrantar, grov politivald for å hindre folkerøystingar om katalonsk lausriving frå Spania, drakoniske straffar for katalonske leiarar for at dei lot den katalonske befolkninga uttala seg om si framtid og andre kritikkverdige forhold i EUs medlemsstatar latar EU-politikarane som dei ikkje er klar over, skriv han.
Nistad viser også til at Europa ikkje lenger er ein verdsdel som er totalt overlegen militært og økonomisk, slik kontinentet var i den europeiske imperialismens glansdagar på byrjinga av 1900-talet.
– Tvert imot er Europa i ferd med å bli ein perifer aktør i den globale kampen om makt, marknader og råvarer.
Han meiner at dersom Europa skal hevda seg i verda i dag, må dei knytte seg austover, ikkje berre til Russland, men vidare til Kina, India og Asia. Dette fordi Asia i dag er den dynamiske og veksande regionen i verda.
– Europa burde satsa på å bli ein del av Kinas nye Silkeveg-prosjekt, altså det storstilte kinesiske forsøket på å knytte sammen Asia, Midtausten og Europa, skriv han.