EUs utanrikssjef fordømmer USA og åtvarar mot fleire sanksjonar

EUs sjef for utanriks- og tryggleikspolitikk, Josep Borrell. Foto: European Union 2019/CC-BY-4.0.

EUs utanrikssjef Josep Borrell har fordømt USAs sanksjonar mot selskap som byggjer gassledningen frå Vyborg i Russland til den tyske byen Greifswald.

Gassledningen vil bidra til trygg og stabil energi for Europa og er bygd i samarbeid mellom russiske Gazprom, tyske Uniper og Wintershall, austeriske OMV, franske Engie og nederlandske Royal Dutch Shell.

Les også: Orlov: – Amerikanske haldningar mot Russland vert irrelevante

USA har lenge forsøkt å torpedere prosjektet fordi dei sjølv vil selje skifergass til Europa, då frakta med skip, og hindre konkurrentar med sanksjonar.

Gass frå USA utgjer derimot ein stor tryggleiksrisiko for Europa, fordi politisk usemje kan føre til at USA med stor sannsynlegheit vil kutte gassleveransen til Europa, som vil medføre ei energikrise.

No har EU sett seg lei av USAs stadige sanksjonar mot europeiske interesser og fordømt sanksjonspolitikken.

– Eg er spesielt bekymra for den aukande bruken av sanksjonar eller trugsmål om sanksjonar, mot europeiske selskap og interesser, sa Borrell.

– Vi har sett denne aukande trenden i tilfeller som Cuba, Iran, Den internasjonale straffedomstolen, og no til sist gassledninga mellom Russland og Europa, sa han.

Borrell sa også at USAs tiltak er i strid med folkeretten, og at det er opp til europeiske land og utforme sin politikk, ikkje tredjeland utanfor Europa.

Les også: Max Keiser: Verdsøkonomien imploderer og USA mistar supermakt-statusen

Vil ha straffetoll på amerikansk gass over heile EU

Den anerkjente tyske journalisten Jens Berger har skreive i kommentar at Tyskland bør innføre straffesatsar på amerikansk gass og bruka makt på EU-nivå til å innføre slik straffetoll over heile EU.

– Denne strategien er eit høveleg diplomatisk svar på USAs innblanding i europeisk energipolitikk, og sanksjonane USA vil innføre på Nord Stream 2-systemet frå Vyborg i Russland til den tyske byen Greifswald, seier Berger.

Frå tidlegare har EU innført straffetoll på produkt som spelekort, lightere, plast-deksel, møblar, whisky, Harley Davidson-motorsyklar og peanøttsmør frå USA.

Det neste må vera naturgass, meiner Berger.

Les også: Pompeo samanliknar Huaweis 5G med «sovjetisk teknologi», men i Noreg er naudnettet hans omtala som den største IT-skandalen


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.