Den anerkjente tyske journalisten Jens Berger skriv i kommentar at Tyskland bør innføre straffesatsar på amerikansk gass og bruka makt på EU-nivå til å innføre slik straffetoll over heile EU.
Berger meiner akkurat denne strategien er eit høveleg diplomatisk svar på USAs innblanding i europeisk energipolitikk, og sanksjonane USA vil innføre på Nord Stream 2-systemet frå Vyborg i Russland til den tyske byen Greifswald.
Han meiner det høyrest dramatisk ut ved første augeblink, men er vanleg praksis. Berre i april innførte EU straffetoll på produkt som spelekort, lightere, plast-deksel og møblar frå USA.
I førre runde innførte EU straffetoll på whisky, Harley Davidson-motorsyklar og peanøttsmør frå USA.
Det neste må vera naturgass, meiner Berger, og viser til at det einaste språket dei forstår er straffetoll.