
Michael Tetzschner bryr seg verken om demokrati eller ytringsfridom. Her kan du lese kvifor.
I ein kronikk til Aftenposten i går oppfordra Høgre-toppen til å importere pøbel og valdelege separatistar frå Hongkong, og vidare gje dei opphaldsløyve og skattepengar på «humanitært grunnlag» i Noreg.
Tetzschner er nestleiar for Stortingets utanriks- og forsvarskomite.
Verken han sjølv eller Aftenposten opplyste om at han er betalt lobbyist for ein antikinesisk organisasjon med namnet ‘Inter-Parliamentary Alliance on China’ [IPAC, red. anm.]. Føremålet til organisasjonen er å motarbeide og undergrave Kinas aukande popularitet og innflytelse i verda.
Tetzschner, som vil spreie lukke, demokrati og ytringsfridom i Hongkong, ville arrestere og utlevere varslaren Edward Snowden til USA.
Snowden vart verdskjent etter avsløringane sumaren 2013 om korleis amerikanske styresmakter dreiv – og fortsatt driv – ulovleg overvaking gjennom etterretningsprogrammet PRISM. Så godt som alle amerikanske appar, programvare og sosiale medier vert spionert på.
Les også: Kina sender nødhjelp til Europa, og viser ei stormakt som stiller opp der det trengast
Varslaren kunne også avsløre at amerikanske styresmakter spionerte på eigne allierte: som avlytting av telefonsamtalane til den tyske forbundskanslaren Angela Merkel. Ei handling som kjøla ned forholdet mellom dei to landa.
Det er slike folk Høgre-toppen vil sende i fengsel, og omvendt gje opphaldsløyve til USA-støtta pøbel.
Ironisk nok måtte også Snowden flykte i stort hast frå det då «demokratiske» Hongkong nettopp for å unngå bli arrestert og utlevert til USA. Han fekk asyl i Russland, og har budd i Moskva sidan då.