Lensmann Magne Knudsen tok ulovleg beslag i førarkort


Eit vogntog frå Litauen køyrde seg fast på Tindevegen. Foto: Politiet.

Det var i natt eit vogntog frå Litauen køyrde seg fast på fylkesveg 5632 populært kalla Tindevegen. Vogntoget hadde køyrt seg fast to gonger på den smale vegen.

Første gangen var i 20-tida tysdag kveld, og rett over klokka 01 hadde vogntoget køyrt seg fast igjen. Bergingsbil kom til staden om morgonen og vegen er no open att for trafikk.

Toppadvokat: – Ikkje lov å ta førarkort som tryggleik for betaling av førelegg

Politiet opplyste på Twitter at dei vil opprette sak på fastkøyringa, fordi det skal vera skilta for kva køyretøy som har «lov» å køyre på vegen. 

– Føraren har fått førelegg for brot på vegtrafikklova. Han har fått køyreforbod og politiet har mellombels drege inn førarkortet fram til førelegget er sikra, seier Magne Knudsen, leiar for politiet i Årdal til Nrk.

Advokat John Christian Elden seier i kommentar til Grafen at politiet ikkje har lov til å gjera dette.

– Førarkort kan kun takast beslag i av trafikktryggleiksmessige omsyn; ikkje som tryggleik for betaling av førelegg, seier Elden.

Grafen har ikkje fått kontakt med Magne Knudsen. Heller ikkje politisjef Arne Johannessen vil svare kvifor, men han henviser vidare.

Vest politidistrikt har dei seinare åra vore involvert i ei lang rekkje skandalar. Nyleg presenterte politidistriktet ei «intern undersøking» som har avdekt fleire tilfeller av intern seksuell trakassering utført av leiarar og annan ukultur.

Les også: Grafen har fått «tampongpatrulje»-rapporten om Vest politidistrikt

Det er mellom anna gjort funn at vaksne menn i leiarstilling legg seg etter 20 år gamle kvinner.

Den nest siste helga i juni fyllekøyrde også ein politimann og køyrde utfor vegskrent i Ytre Honningsvåg i Stad kommune. Med seg i bilen hadde han to politikvinner og ingen varsla om hendinga.