Jernbanestasjonen i Manzhouli, der kinesarane justerar vognene sine frå kinesisk sporbreidde på 1435 mm til russisk 1524 mm. Foto: Hoon6h / Public domain.

No i juli har Kina og Russland byrja transportere råolje på jernbane i eit prøveprosjekt. Det sa Alexey Shilo ved den russiske jernbana på eit industriseminar om framtida for togfrakt mellom dei to landa på tysdag.

Den nye forma for transport av energi er meint å auke den bilateral handelen, der målet er å doble den frå 100 milliardar dolllar årleg.

I følgje Shilo er transport av råolje for det meste gjort på skip. Avtalen om transport på jernbane er eit prøveprosjekt som starta opp i juli.

Transporten av råolje på jernbane krev oppgradering av teknologi og infrastruktur, men slik innovasjon har fordelar som kan overførast til kontainertransport.

Shilo seier også at dei første fem månadane i 2020 har vore gode, til tross utbrotet av COVID-19. Bilateral frakt på jernbane har passert 11 millionar tonn, ein auke på 25 % samanlikna med fjoråret.

For Kina har eksport i same periode auka med 43 % og mesteparten av varene vart transportert med kontainer. Innan landbruk hadde Russland ein eksportauke på 27,8 % for mai.

Handelen er venta å auke vidare som følgje kinesiske klarering for import av storfe- og fårekjøtt, og i tillegg vil Russland subsidiere eksport av landbruksvarer.

Saka vart først publisert på Global Times.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.