USAs president, Donald Trump, har sendt dei to hangarskipa USS Nimitz og USS Regan til Sør-Kinahavet som eit «show» for allierte i området.

Dette i ei tid der forholdet mellom Kina og USA er forverra som følgje handelskrig, Taiwan og Hongkong, og COVID-19-pandemien. Hangarskipa skal ha den største øvinga på fleire år, og skjer i same område der det kinesiske sjøforsvaret held øving på same tid.

– USAs to hangarskip med følgjebåtar er ikkje noko anna enn papirtigrar på Kinas dørstokk skriv den kinesiske storavisa Global Times.

Les også: Kina sender nødhjelp til Europa, og viser ei stormakt som stiller opp der det trengast

USA skiftar fokus frå Hongkong til Sør-Kinahavet

Den kinesiske hæren har våpen som lett kan ta ut hangarskip, og dei amerikanske øvingane framstår berre som eit «show» for å ikkje tape ansikt under COVID-19-pandemien, skriv storavisa.

Dessutan er handlinga ei stadfesting på at amerikanske styresmakter mista Hongkong-kortet etter Kinas nasjonale tryggleikslov, og no flyttar fokuset over på Sør-Kinahavet i staden.

Les også: G7 er like steindaudt som makrell i tomat

Øvingane i Sør-Kinahavet skal pågå nær Xishaøyane frå onsdag til laurdag denne veka. Sjøforsvaret har også gjennomført øvingar i Aust-Kinahavet og Gulehavet.

Missiljagaren Hengyang og missiljagaren Wuhan på øving i Sør-Kinahavet. Foto: Li Wei.

Avisa meiner det er urealistisk at USA vil prøve seg på krig mot Kina med berre to hangarskip i Sør-Kinahavet, og skriv det vidare er usannsynleg at dei ved uhell kan utlyse ei konflikt som følgje øvingane.

Les også: Orlov: – Amerikanske haldningar mot Russland vert irrelevante


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.