G7 er like steindaudt som makrell i tomat

USAs president får rolege dagar aleine på militærforlegninga Camp David. Foto: Tia Dufour.

G7 er eit internasjonalt forum med sju land og var tidlegare eit fellesorgan for det som då var dei største økonomiske maktene i verda. I dag er G7 i praksis like steindaudt som makrell i tomat.

USAs president, Donald Trump, forsøkte tidlegare denne månaden å gjenopplive G7 ved å invitere leiarane for Canada, Frankrike, Japan, Tyskland, Storbritannia og Italia til eit toppmøte på militærforlegninga Camp David, rett utanfor Washington D.C.

Tysklands forbundskansler og regjeringssjef, Angela Merkel, avslo invitasjonen. Dette vart gjort med henvisning til koronaviruset, men Steigan.no skriv at det er ingen tvil om at Merkels avslag er realpolitikk og realkonflikt.

Kina er ikkje interessert

Som svar på dette uttalte Trump at G7 er ei utdattert gruppe, og at Russland burde vere med, noko som gjorde at leiarane for Storbritannia og Canada, som begge har mindre økonomier enn Russland, såg raudt.

Canada meinte at Russland har «invadert» Krim-halvøya, medan Storbritannia påstår at Russland driv aggressiv og destabiliserande aktivitet.

I tillegg vil Trump invitere Australia, eit land med ein økonomi på størrelse med Polen.

Ideen med G7 var at den skulle representere verdas sju leiande økonomiar. I dag er det lenge sidan. Dei einaste landa som fortsatt er innanfor er USA, Tyskland og Japan. Russland, som ikkje er medlem, har større økonomi enn Tyskland.

Canada er for lengst forbigått av både Tyrkia og Saudi Arabia som leiande økonomiar.

Lista som viser dei sju leiande økonomiane i dag. Denne viser tal frå IMF, Verdsbanken og det amerikanske etterretningsbyrået CIA. Foto: Wikipedia.

For å snakke om verdsøkonomien må Russland, Kina, India og Indonesia vera med, men desse har neppe interesse for G7 sidan G20 er mykje meir relevant – og der er berre seks land frå Europa.