Den amerikanske sentralbanken spår eit fall i USAs bruttonasjonalprodukt [verdien av alt som vert produsert, red. anm.] på 54 % i andre kvartal. Den økonomiske aktiviteten blir halvert.

Det er ikkje venta at den amerikanske økonomien vil komme tilbake til 2019 nivå før om to år, altså i 2022.

Les også: Om ein kollaps i USA kjem like overraskande som i Sovjetunionen

USAs økonomi er driven av forbruk, og personleg forbruk utgjer i følgje Steigan.no om lag 70 % av bruttonasjonalproduktet. Sentralbanken viser at dette forbruket vil falle med nær 60 % i perioden april til juni. Kor mykje det vil falle i juli og framover er enno uvisst. Også private investeringar vil falle med over 60 %.

I USA er det no over 42 millionar utan arbeid, og økonomar i finansbanken Morgan Stanley meiner den reelle arbeidsløyse er mykje høgare.

Les også: Max Keiser: Verdsøkonomien imploderer og USA mistar supermakt-statusen

I eit notat finansbanken publiserte står det «I verkelegheita er skuggearbeidsløysa, som inkluderer folk utan arbeid av andre grunnar, mykje høgare». Forbes skreiv nyleg ein artikkel om dette – og at den reelle arbeidsløysa er nær dobbelt så høg som det offisielle tal viser.