Den kinesiske dagsavisa Global Times skriv at USA byggjer sine biolaboratorium utanlands for å unngå moglege uhell med lekkasje, juridiske utfordringar innanriks, samt påtrykk frå amerikanske medier og organisasjonar mot krig.

Les også: Sett at nokon skulle ønskje å tvinga eit land i kne, kva slags virus burde dei då setja ut?

Kinesiske militære ekspertar seier til avisa at Beijing og Moskva kan komme til å etterforske USAs biolaboratorium for å leggje press på amerikanske styresmakter i FN, og få svar på spørsmål knytt til den hemmelege forskninga dei driv.

Wuhan institutt for virologi [WIV] fekk sitt første eksempel av viruset SARS-CoV-2 den 30. desember 2019. Det sa den kinesiske immunologen og direktøren Wang Yanyi til CGTN 23. mai, og avviste fabrikkerte påstander frå USAs president, Donald Trump.

Trump-regjeringa har ikkje greidd handtere situasjonen med koronaviruset og kjem stadig med verbale angrep på kinesiske styresmakter.

USA motarbeider biotryggleik

Russlands utanriksminister, Sergej Lavrov, seier i pressemelding at USA har eit nettverk av laboratorium nær dei kinesiske og russiske grensene, og fortel at Moskva har underteikna eit memorandum om biotryggleik med Tadsjikistan, og har samtalar med Usbekistan, Kasakhstan, Armenia og andre statar.

Av kjente biolaboratorium som USA har i Europa, finst det fleire i Ukraina.

Sidan 2001 har Russland og Kina, og fleire andre land teke initiativ til ein mekanisme for å verifisere destruksjon og transparens innan rammeverket om forbodet mot biovåpen. USA og Israel er dei einaste landa som kategorisk har motarbeidd initiativet dei siste 20 åra, i følgje Lavrov.

Kvifor bagatelliserte den amerikanske regjeringa pandemien medan offentlege tenestemenn dumpa private aksjar

Kinesiske styresmakter er uroa for USAs eksperiment i utanlandske laboratorium. Tidleg i mai publiserte det kinesiske militæret 10 spørsmål som USA må svare på til verda. Desse er:

  1. Når det gjeld det gjenstarta eksperimentet om modifisering av aviær influensavirus [fugleinfluensa, red. anm.], kvifor slepp ikkje USA fleire oppdateringar?
  2. Den amerikanske hærens medisinske forskningsinstitutt for infeksjonssjukdommar [USAMRID, red. anm.] vart brått stengt. Kvifor det?
  3. Det amerikanske helsedepartementet køyrte eit scenario i fjor som likna på COVID-19-utbrotet. Er dette berre ein tilfeldigheit?
  4. Den amerikanske etterretningstenesta åtvara om koronavirus-krise allereie i november i fjor. Kvifor vart åtvaringa ignorert?
  5. Kan USA avklare kor mange tilfeller som er infisert med COVID-19 blant dei rapporterte dødsfalla av influensa i USA?
  6. Når oppstod det første koronaviruset i USA?
  7. Korleis fekk USA virusstammane så raskt for å starte den første menneskelege testen av ein vaksine mot COVID-19?
  8. Kvifor bagatelliserte den amerikanske regjeringa pandemien medan offentlege tenestemenn dumpa private aksjar?
  9. Kvifor får ikkje amerikanske ekspertar lov til å drøfte COVID-19 offentleg?
  10. Kva vert det forska på i utanlandske laboratorium og kvifor held USA det hemmeleg?

Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.