Grafen har tidlegare skreve om OPEC-kartellet som ville ha Russland med på kutt i oljeproduksjonen for å halda prisane oppe, men fekk nei. 

Russlands nei førte til det største prisfallet på olje sidan 1991. Seinare har det utvikla seg kaos i marknaden, og den amerikanske Dow Jones-indeksen stengte handelen.

Les også: Oljepriskrigen kan øydelegge USAs oljeskiferindustri 

No har Riyadh og Washington D.C gått i forhandlingar med Kremlin, der målet er å redusere oljeproduksjonen med 10 millionar fat per dag.

For å forstå dette må ein forstå korleis OPEC+ er representert. For fire år sidan gjekk Russland, Saudi-Arabia og nokre andre oljeproduserande land inn for å redusere oljeproduksjonen med 2,5 millionar fat per dag. Sidan då har avtalen vorte fornya år på år, fram til 2020.

Denne reduksjonen vart utnytta av USA som ikkje er medlem av OPEC+. Når dei oljeproduserande landa reduserte eigen produksjon med 2,5 millionar fat, auka amerikanarane eigen oljeskiferproduksjon. I alt frå 8,5 millionar fat i 2016 til 13 millionar fat i dag.

Russland gjekk ikkje med på nokon ny avtale om kutt for å halda prisane i oljemarknaden oppe. I staden venta dei og krevde kutt i alle produksjonsland, inkludert USA, og amerikanarane blunka.

To dagar etter sa olje- og energiminister Tina Bru at også Noreg vil redusere oljeproduksjonen, som tydar på at regjeringa har fått telefon frå Washington D.C.

– Valet er å produsere mindre og sikra litt kontantstraum, eller halde fram som før og sjå dei raudaste tala nokon gang

Trump gjekk med på avtale med Saudi-Arabia utan problem, noko som førte til kraftig auke i oljeprisen same dag. No er forhandlingane mellom Russland og USA i gang. Forhandlingane er også viktige for Trump, då ein kollaps i oljeindustrien kan føre til tap av  hundretusenvis av jobbar i viktige statar, som Texas, under presidentvalet. 

Analysesjef i Rystad Energy, Per Magnus Nysveen, seier til Grafen at alle verdas produsentar snart blir tvungne til å redusere produksjonen med 20-30 % fordi globale oljelager vert fylt opp, og fraktratene er høge.

– Viss ein ventar vil oljen bli verdilaus. Og sjølv med kutt vil oljeprisen bli låg til epidemien er på retrett i alle delar av verda, og det kan ta lang tid, seier Nysveen.

– Så valet er å produsere mindre og sikra litt kontantstraum, eller halde fram som før og sjå dei raudaste tala nokon gang, avslutta han.