Juridiske ekspertar meiner dette er tvilsomt. Ein kan ikkje permittere arbeidstakarar, for å la dei arbeide vidare for bedrifta med lønn frå staten. Faksimile: Porten.no

Porten.no publiserte i går ei gladsak med tittelen «I skisenteret preppar permitterte tilsette løyper på dugnad»

I teksten under biletet står det:

«DUGNAD: Sjølv om dei er permitterte frå jobben, sørgar tilsette i skisenteret for å halda langrennsløypene og turløypene i Hodlekve opne. (…)»

Artikkelen har imidlertid fått fleire reaksjonar og spørsmål om dette er lov å gjera. Grafen har snakka med fleire juridiske ekspertar, mellom anna Hans Petter Graver og Olav Torvund ved Universitetet i Oslo. Begge meiner det høyres tvilsomt ut.

Regelverket for permitterte er nyleg endra, og ein får 100 % lønn dei første 20 dagane. Arbeidsgjevar betalar dei første to dagane, deretter tek staten over inntektssikring av permitterte.

Hans Fredrik Marthinussen
Professor ved Universitetet i Bergen. Foto: UIB.

Var det så enkelt kunne vel alle bedrifter gjere dette?

Professor Hans Fredrik Marthinussen ved Universitetet i Bergen seier til Grafen at ein i utgangspunktet ikke kan permittere arbeidstakarar, for å la dei arbeide vidare for bedrifta med lønn frå staten.

Men det finst unntak:

– Om ein normalt arbeidar i skitrekket, og ein gjerne køyrer løyper som ein «ekstraservice», er eg ikkje sikker på om det er trygdebedrageri om ein på dugnad veljer å køyre løyper som ein rein service som i utgangspunktet ikkje gjev bedrifta nokre inntekter, meiner Marthinussen.