Utbrotet av koronavirus har vist at EU er langt frå solidarisk. Eit fullasta russisk militærfly med medisinsk utstyr og spesialistar landa i går på ein flyplass sør for Roma, hovudstaden i Italia.

Italias EU-ambassadør, Maurizio Massari, skreiv at kornavirus-krisa er ein prøve på EUs truverde. Ein prøve ein berre kan bestå gjennom ekte, konkret solidaritet:

– Europa må handle etter prinsippet om gjensidig forsvar og hjelpe dei medlemmane hvis tryggleik er truga, sa Massari, og at:

– Italia har allereie bedt om å aktivere EUs mekanisme for sivil beskyttelse for levering av medisinsk utstyr for individuell beskyttelse, men ikkje eit einaste EU-land svarte på kommisjonen si oppmoding. Berre Kina svarte bilateralt. Dette er absolutt ikkje eit godt teikn på europeisk solidaritet, sa Massari.

Serbias president Aleksandar Vučić erklærte unntakstilstand 15. mars, men EU har avslått alle førespurnadane om assistanse. Det einaste landet som gir Serbia hjelp i krisa er Kina.

Les også: Kina sender nødhjelp til Europa, og viser ei stormakt som stiller opp der det trengast

Koronaviruset har vist at ikkje berre EU er usolidarisk og handlingslamma, men det er også USA og NATO.

Ivar Moen som er talsmann for Forsvarets operative hovudkvarter har ikkje ville svare konkret på om Forsvaret har ekspertar som kan handtere virusutbrot. Moen vart også taus på spørsmål om Forsvaret vil senda hjelp til Italia.

Men, ingen svar er også eit svar: Forsvaret viser at dei ikkje har personale som kan handtere eit virusutbrot, dei er heilt hjelpelause i kampen, og dei kan heller ikkje bistå andre europeiske land eller NATO med verken utstyr eller ekspertise.

Skjuler/dreg av etikettane på medisinsk utstyr frå Kina

Faksimile: NRK

Det statlege nyhendebyrået NRK hadde som toppsak at «Norge har fått ei stor last med smittevernutstyr frå utlandet», med bilete av sladda pappøskjer.

Grafen spurte NRKs fotograf, Kristi Marie Skrede om årsaka:

– Eg forstår at det kan verke merkeleg.

– Det er slik at regjeringa og helsemyndighetene ikkje ønskjer å avsløre leverandøravtalene Norge har. I den situasjonen landet er i og fordi det er viktig å sikre nye forsyningar til landet, valde vi å imøtekome dette ønskjet, seier ho.

Sensuren blei i følgje Skrede utført av eit kollektiv under leiing av vaktsjefar og nyhetssjefar i NRK.

Med til saka høyrer også at statsminister Erna Solberg var til stades då lasset med munnbind og anna smittevernutstyr kom.

Noreg får som andre EU-land hjelp frå Kina, og sladdar emballasjen. Det er ikkje usannsynleg at medisinsk utstyr i nær framtid kjem over den russiske grensa til Noreg når EU stenger ned.

Les også: Puigdemont: Hvis Kosovo, Albania og Nord-Makedonia er kandidatar for EU-medlemskap, så kvifor ikkje Skottland og Catalonia?