Imploderinga av den globale marknaden var 100 prosent garantert, seier kommentator og tidlegare Wall Street-aksjemeglar Max Keiser til RT. I følgje han kan dagens finansmarknad best omtalast som eit slags «quadrilliard-dollar» pyramidespel.

Les også: Oljepriskrigen kan øydelegge USAs oljeskiferindustri

– Sentralbankar har lete regjeringar [og bedrifter] låne tilnærma utan kostnad for fleire tiår framtidig forbruk, noko som har uthola verdsøkonomien og gjort den ekstremt skjør, seier Keiser.

Han forklarer at industriføretak og bedrifter har øydelagt seg sjølv ved å kjøpe tilbake eigne aksjar etter tidlegare redningsoperasjonar, slik [amerikanske, red. anm.] flyselskap mellom anna har fått gjere. Dei vert rettmessig viska ut frå kartet, meiner han.

Les også: Sjefsøkonom etter at USA kutta rentene til null prosent: – Dette er dagen då renter døydde

Keiser forklarer at mange bedrifter vert kausjonert ut av regjeringar, men at det ikkje lenger spelar nokon rolle, fordi dollaren er i ferd med å verta øydleagt sidan stadig fleire land dumpar dollararen til fordel for gull.

– Økonomien i dag er som i andre tiåret etter andre verdskrig, då den vart teikna på nytt, og då Storbritannia mista statusen som supermakt. Slik vil USA mista statusen som supermakt til Russland og Kina, som vil leie dette hundreåret, avslutta han.

Saka vart først publisert på RT.