Den nye isbrytaren kan knekke 4,3 meter tjukk is i Nordishavet, og gje trygg passasje for verdas handelsskip.
I januar signerte Russlands statsminister Dmitry Medvedev ein kontrakt på over 2 milliardar dollar for konstruksjon av det som blir verdas kraftigaste nye-generasjon isbrytar med namnet Lider [betyr «leiar», red. anm.]. Den har kjernekraftverk som yter ufattelege 120 megawatt.
Den nordlege sjøvegen til Asia
Transport av gods frå Europa til Asia går to ganger raskare gjennom Nordaustpassasjen enn Suezkanalen. Utfordringa tidlegare har vore at passasjen er dekt med is 6-7 månader i året. Den nye isbrytaren kan knekke opptil 4,3 meter tjukk is med ein fart på 2-3 knopp.

Når isbrytaren er ferdig vil den segle i fart på 13 knopp og danne ein 50 meter brei passasje for handelsskip som reiser mellom Europa og Asia.
Kjernekraftverket treng drivstoff berre ein gang kvart femte år.
Saka vart først omtala på Russia Beyond.