Pengefondet-sjef Kristalina Georgieva: – Samanliknar dagens økonomi med dei glade 20-åra


Leiar av Det internasjonale pengefondet, Kristalina Georgieva, samanliknar dagens økonomi med dei glade 20-åra.

Dei glade 20-åra er ein terminologi som vart brukt i mellomkrigstida for å beskrive 1920-åra, som hadde ein kraftig oppsving i økonomien etter første verdskrig.

Børskrakket i 1929 sette ein kraftig stoppar for oppturen, noko som resulterte i den store depresjonen i 1930-åra.

Europeiske styresmakter har akkumulert mykje gjeld dei siste tiåra, og det har vore mange diskusjonar om bobler i systemet. Desse boblene inkluderer aksjemarknaden i USA, og eigedomsmarknaden i Tyskland og Storbritannia, og overprising av teknologibedrifter.

Dette saman med ein aldrande arbeidsstyrke, stagnasjon i lønn, høgare levekostnadar og problem i tradisjonell industri. Dette skal vera ingrediensane i eit nytt «big bang».

Russlands president, Vladimir Putin, har kjøpt store gullreservar dei seinare åra. Foto: Carmen Rodriguez/Public Domain

Russland betre førebudd enn europeiske økonomiar

Samanlikna med andre store europeiske økonomiar har Russland massive gull- og kontantreservar. Sidan 2015 har «regndag»-fondet auka frå 346 milliardar dollar til 557 milliardar dollar i dag. Det skriv RT.

Avhengigheita av oljeeksport viste seg å vera farleg for russisk økonomi tilbake i 2014, då rubelen fall og prisane på olje kollapsa. I lys av dette innførte staten ein regel der forteneste over ein viss andel blir bankført, framfor bruk. Ikkje ulikt den norske handlingsregelen.

Dei enorme reservene er også diversifisert. Tidlegare var dei plassert i amerikansk dollar, men no er ein femtedel plassert i gull, altså meir enn 100 milliardar dollar.

Russland er heller ikkje aleine om diversifisering. I følgje ein rapport frå Bloomberg har også Kina og Polen byrja gå vekk frå amerikansk dollar.

Den russiske forretningsjournalisten Ivan Tkachev trur ikkje at Moskva bankerer på ei finansiell nedsmelting:

Tkachev meiner at det er USAs militære styrke saman med den amerikanske dollaren sine geopolitiske fordelar, som gjer at USA held seg flytande med statsgjeld på over 22 000 milliardar dollar.

Han trur at den russiske handlingsregelen handlar om å beskytte økonomien mot eksterne sjokk.