Vladimir Putin sin verdipapirmarknad er betre enn marknaden i Kina og USA, og det er Europa sin feil, skriv Forbes.

Russiske verdipapir har vorte ein «must have» seier det annerkjente magasinet. I Europa er rentene på obligasjonar nesten null, men også for amerikanske er dei nesten null.

Russlands 2027 dollar-obligasjonar betalar 4,25 % rente. Tyskland betalar ingenting, men i staden negativ rente på –0,35 %. Amerikanske obligasjonar ligg på berre 1,8 %. Tyskland og USA har også gjeldsbyrder som kan skremma vettet av investorar, seier Forbes, medan Russland praktisk talt er gjeldsfritt.

– Russland har gjort seg sjølv skotsikre, seier James Barrineau, direktør for Schroders kapitalforvaltning i New York, til Forbes.

– Dei kan betala all statsgjeld med reserver i sentralbanken, og i tillegg kan dei kutte styringsrenta seier han. Russisk rubel har blitt svært stabil, og dei har økonomisk handlingsrom.

Han viser til at Russland dei største reservane i framveksande marknad etter Kina.