Etter å ha lese siste leiaren i Aftenposten 2019, gjer eg meg mange tankar. Tidlegare sjefredaktør i Expressen og Dagens Nyheter, Arne Ruth, meiner at ekte journalistar bør følgje desse reglane: «Mistenk makt av alle slag. Mistenk privat makt. Mistenk statleg makt. Mistenk den makta du som medborgar ikkje får innsyn i.»

No har vi hamna i ein ny kald krig, og avisene gjenopplivar gamle fiendebilete av Russland og Kina. Det var altså ikkje kommunismen i Sovjet som Vesten kjempa mot. Kan vi få fred i verda når ei av stormaktene definerer seg sjølv som eineståande og unnværleg, med rolla som verdspoliti. Denne stormakta hevdar at dei fremjar demokrati og fred. Men i praksis intervenerer USA over alt.

Dagens unipolare verd er eit sentralt tema for å forstå den nye kalde krigen, men blir aldri teke opp av hovudmedia. Skal vi bli opplyste, må vi ty til alternative medier som Russia Today eller Steigan.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.