Nettkrigaren Kjetil Stormark har lagt ned bloggen sin «Aldrimer.no»

Foto: Den russiske hæren øver på å setja i land forsterkingar / Forsvarsdepartementet i Russland.

Det er over to månader sidan sist bloggaren Kjetil Stormark publiserte noko på «Aldrimer.no».

Årsaka er at dei økonomiske støttespelarane har trekt seg. Stormark sjølv skal også vera sjuk med lungebetennelse.

RUSSLAND, RUSSLAND, RUSSLAND: Få er meir opptekne av Russland enn nettkrigaren Kjetil Stormark.

Kjent for falske nyhende og konspirasjonsteoriar

«Aldrimer.no» var kjent for å spreie falske nyhende og konspirasjonsteoriar om russisk invasjon av Noreg.

Sjefen for Etterretningstenesta, Morten Haga Lunde, har tidlegare måtte dementere saker på bloggen til Stormark:

– Det er ikkje ofte eg les ei sak i norske medier som har så mange feil i seg som saka frå «Aldrimer.no» med tittelen «Russland trente på invasjon av Svalbard», sa Lunde i eit tidleagare intervju.

– Lat meg ta hovudelementet i det som vert framført frå «Aldrimer.no». Eit russisk simulert angrep på Svalbard: Det var ingen slik aktivitet. Når dette er sagt, fell mykje av det øvrige i saka vekk fortalte Lunde.

Det er ikkje første gang Stormark spreidde konspirasjonsteoriar. På bloggen sin pumpa han jevnt og trutt ut desinformasjon om Russland.

Ei av desse var om «ubåt i Dalsfjorden», der han nytta seg av tvilsame kjelder som trollfabrikken «Bellingcat».

Stormark vart i april 2016 kritisert av SKUP-leiar Jan Gunnar Furuly, og då skulda for å driva ei avansert form for «content marketing».

Stormark på si side hevda då han dreiv «uavhengig journalistikk» etter Redaktør-, Tekstreklame- og Vær varsam-plakaten.

FAKTA OM CONTENT MARKETING
Innholdsmarkedsføring (på engelsk content marketing) etterligner ofte journalistikk og bruker ofte journalistisk uttrykkform for å skape interesse. Tidligere ble dette gjerne omtalt som tekstlike annonser.
Kilde: Wikipedia.

Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.