Nyhendene om VR-brillene spratt same dag som ein stor landbrukskonferanse for meieriprodukt byrja i Moskva. Foto: Landbruksdepartementet i Russland.

– Den mentale helsa til kyr er minst like viktig som den fysiske, sa anonyme tenestemenn i det russiske landbruksdepartementet i ei pressemelding:

Dei hevda å ha testa ein prototype av virtual reality-briller (VR) på ein gard tilhøyrande RusMoloko i Ramenskij utanfor Moskva.

Prototypen skulle forbetra forholda for kyr og effektivisere mjølkeproduksjonen, og departementet omtala det som teknologisk framgang og eit effektivt produksjonsverkty.

– I tillegg til dyras fysiske behov, byrjar forskarar vera meir merksam på dyras emosjonelle tilstand, står det i pressemeldinga.

Dei viser til eksempel i andre land, der ei rolig atmosfære aukar mengda mjølk og nokre ganger kvaliteten.

I prototypen skulle dyra sjå ei virtuell verd med storslåtte beitemarker og grønt gras i den beste sumaren.

Innføring i marknadsføring og sal av meieriprodukt?

Kor vidt VR-eksperimentet er realitet veit vi ikkje, men vi har litt å læra av våre russiske naboar i marknadsføring.

Nyhendene om VR-brillene spratt same dag som ein stor landbrukskonferanse for meieriprodukt byrja i Moskva, og saken vart omtalt i ei rekkje medier i Europa.

Departementet viser imidlertid til at miljøforholda har betydeleg innverknad på helsa til kyr, kvalitet og mengda produsert mjølk. Fleire bønder har installert roterande børstar som masserer kyr, og andre robotiserte system som har positiv effekt på velferd og produksjon.

Grafen har har spurt leiar i Norges Bondelag, Lars-Petter Bartnes, om ideen med VR-briller. Han seier det høyres artig ut, men at dei meiner ekte gras under beina er det beste bøndene kan gjera for dyra sine.

– Det russiske landbruksdepartementet innrømmer sjølv i pressemeldinga si at inngåande studier ikkje er gjennomført. Eksperimenta er heller ikkje utført av forskningsmijø, men ein nettstad for russisk mjølkeproduksjon, som for tida arbeidar med å skapa blest rundt ein landbrukskonferanse for mjølkeprodukt, seier han.

På spørsmål om bondelaget trur at det kan vera aktuelt å prøve ut dette i Noreg seier Bartnes at beite på grønt gras er best:

– Vi trur det beste er å beite på grønt gras og at dette gjev god dyrevelferd. Vi har eit godt og strengt regelverk for dyrevelferd. I kva grad VR-briller på kyr er aktuelt her til lands, skulle dermed besvare seg sjølv, avsluttar han.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.