Kommentator Dimity Orlov i Russia Insider skriv om fire teikn på USAs kollaps, som også fanst i Sovjetunionen. Artikkelen vart først publisert på derimot.no.

Orlov stiller spørsmålet om ein kollaps i USA kjem like overraskande som i Sovjetunionen.

Han har tek utgangspunkt i fire trendar som var synlege i Sovjetunionen før kollapsen, og som no er synlege i USA. Desse er «at allierte vert framandgjorte», «at fiendskap spreier seg», «at ideologi vert irrelevant» og «at militære haldningar vert slappe».

Som i Sovjetunionen meiner Orlov det ei viss inkubasjonstid for kvar av desse trendane, som kan vare kanskje eit år eller to, og der det ser ut til å ikkje hende så mykje, men når perioden er over brakar alt laus på ein gong.

Den første: Allierte vert framandgjorte

Då den sovjetiske kollapsen utfalda seg forvitra tidlegare venskap: først til irrelevans, deretter til direkte fiendskap. Rett før kollapsen gjekk jernteppet mellom austre og vestre Europa.

Orlov viser til Warszawapakten i etterkrigstida som fekk mange føremoner ved si tilknytning til Russland og deira industrielle makt. Alliansen mellom desse landa vart mot slutten stadig meir til hinder for utvikling; den hindra integrasjon med dei rike landa og dei mindre rike og til resten av verda.

På liknande vis med USA og EU no; denne alliansen viser også tydelege teikn på påkjenning, der Washington prøver å hindre Europa i å integrere med resten av Eurasia.

Den spesielle trusselen som unilaterale økonomiske sanksjonar – som del av eit fåfengt forsøk på å blokkere nye russiske gassrøyrleidningar [Nord Stream 2, red. anm.] inn i Europa, og tvinge europearane til å kjøpe usikker og overprisa amerikansk flytande naturgass – har openberra det faktum at forholdet ikkje lenger er til gjensidig nytte. Og når Storbritannia distanserer seg frå Europa og klamrar seg nærare til USA, blir eit nytt jernteppe gradvis bygd opp, men denne gongen vil det gå gjennom Den engelske kanalen og separere den engelskpråklege verda frå Eurasia.

I mellomtida er den våsete haldninga til USA berre ein mellompost på vegen mot å bli irrelevant.

Den andre: Fiendskap spreier seg

Under heile den kalde krigen var USA Sovjetunionen sin erkefiende, og eitkvart forsøk frå Washington si side på å gi råd eller diktere vilkår vart møtt med høglydt, synkronisert, ideologisk forsterka bjeffing frå Moskva: «den imperialistiske aggressoren er på‘an att; oversjå han».

Denne sjølrettferdige støyen verka ganske bra i ei overraskande lang tid, og heldt fram med å verke medan Sovjetunionen gjorde imponerande nye erobringar – i verdsrommet, innan teknologi, vitskap og medisin, i internasjonale humanitære prosjekt og så bortetter, men då dette dabba av byrja den få ein hul klang.

Etter den sovjetiske kollapsen forsvann denne immuniteten mot amerikansk smitte.

Vestlege «ekspertar» og «rådgjevarar» fløymde inn og føreslo «reformar» som til dømes oppstykking av Sovjetunionen til 15 separate land, sjokkterapi, privatisering og diverse andre prosjekt utforma for å øydelegge Russland. Dei hadde sannsynlegvis lykkast med det om dei ikkje hadde blitt stoppa i tide, meiner Orlov.

Symmetrisk såg Washingtonarane på Sovjetunionen som sin erkefiende. Etter at samveldet forsvann, herska det ein del forvirring. Pentagon prøvde å snakke opp «russisk mafia» til ein svær trussel mot verdsfreden, men det verka latterleg.

Deretter tok dei gladeleg til seg omgrepet «krig mot terror» og bomba ulike land som ikkje hadde hatt noko terrorisme-problem før då, men visseleg hadde det no.

Orlov meiner det no er ei merkeleg lukt i vinden i Washington; lukta av nederlag. Lufta lek ut av kampanjen for å gjere Russland til skurken, og den er roten. Samtidig held Trump fram med å ymte frampå om at ei tilnærming til Russland er ønskverd, og at eit toppmøte mellom leiarane burde finne stad.

Trump låner også nokre sider frå den russiske regelboka: slik Russland svara på vestlege sanksjonar med motsanksjonar, startar Trump å svare på vestlege tollsatsar med mot-tollsatsar.

Vi bør kunne forvente at amerikansk fiendskap mot Russland løyser seg opp ei stund før amerikanske haldningar mot Russland blir irrelevante, meiner Orlov.

På same måte som Gorbatsjov innvilga gjenforeininga av Tyskland og tilbaketrekkinga av sovjetiske troppar frå Aust-Tyskland, gjer Trump seg klar til å innvilge gjenforeininga av Korea og tilbaketrekking av amerikanske troppar frå Sør-Korea. Nett slik Berlin-murens fall spådde slutten på det sovjetiske imperiet, vil demonteringa av den koreanske demilitariserte sona spå slutten på det amerikanske.

Den tredje: Ideologi vert irrelevant

Sjølv om USA aldri har hatt noko så rigorøst som Sovjetunionens kommunistiske dogme, var samansuriet deira av pro-demokrati-propaganda, laissez-faire-kapitalisme, frihandel og militær dominans kraftfullt ei stund.

Så snart USA slutta å vere verdas største industrielle maktbase, etter først å ha avstått grunn til Tyskland og Japan, deretter til Kina, gjekk dei vidare med å akkumulere uhyrlege mengder gjeld, konfiskere og bruke opp verdas oppsparte ressursar, og samtidig forsvare US-dollaren med truslar om vald. Det var ei stund underforstått at det ublu privilegiet som endelaus pengetrykking er, treng å forsvarast med blodet til amerkanske soldatar.

USA såg seg sjølv, og posisjonerte seg sjølv, som det uunnværlege landet, i stand til å kontrollere og diktere vilkåra for heile planeten, terrorisere eller blokkere andre land etter behov. No er alle desse ideologiske kjennemerka heilt i uorden.

Eit aukande tal menneske i USA klamrar seg til eit utrygt levebrød, der dei tek sporadiske oppdrag.

Frihandel vart framsnakka til heilt nyleg. Ganske nyleg var Obama-administrasjonen svært aktiv i sitt forsøk på å presse igjennom ulike transoseaniske partnarskap, men ingen av dei lykkast.

Og no har Trump sett i gang med å vraklegge den frihandelen som var, med ein kombinasjon av sanksjonar og tollsatsar, i eit feilretta forsøk på gjenopplive Amerikas tapte storheit ved å vende seg innover. Samtidig akselererer sanksjonar mot bruken av US-dollar i Internasjonal handel, der US-dollaren mistar trona som verdas leiande handelsvaluta.

Den fjerde: Militære haldningar vert slappe

Den sovjetiske kollapsen var til ein viss grad spådd av den sovjetiske tilbaketrekkinga frå Afghanistan. Før dette punktet kunne ein framleis tale om Den raude arméen si «Internasjonale plikt» til å gjere verda trygg for sosialismen.

Etter dette punktet var sjølve tanken på militær dominans tapt, og intervensjonar som før hadde vore mulege, slik som i Ungarn i 1956 og Tsjekkoslovakia i 1968, var ikkje ein gong til å tenke på lenger. Då Aust-Europa reiste seg i opprør i 1989, då jernteppet fall, gav det sovjetiske militære imperiet rett og slett opp; dei forlot sine basar og sitt militære utstyr og trekte seg ut.

Når det gjeld USA, er det tydeleg at dei ikkje lenger klarer å militært dominera. Dei klarer ikkje lenger å utplassere ein bakkestyrke av nokon storleik, og avgrensar seg til å luftbombardement, trening og væpning av «moderate terroristar» og leigesoldatar, og meiningslaus damping rundt på hava.

Ingen av dei siste militære eventyra har resultert i noko som liknar fred på vilkår som dei amerikanske planleggarane opprinneleg såg føre seg eller nokon gong hadde sett på som ønskverdt: Afghanistan har blitt til ein terroristinkubator og heroinfabrikk; Irak har blitt absorbert inn i ein samanhengande sjia-månesigd som no strekk seg frå Det indiske havet til Middelhavet.

Folk vert aldri trøytte av å peike på den kolossale storleiken på USAs militærbudsjett, men dei forsømmer nesten alltid å nemne at det som USA får tilbake i forhold til pengane dei legg ut, er berre ein tiandedel av det som til dømes Russland får.

Rundt om i verda er USA framleis forakta, men dei blir mindre og mindre frykta: ein fatal trend for eit imperium.

Les også: Forbes: – Negative renter i Europa gjer Russland «skotsikkert»


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.