Resett-redaktør Helge Lurås kjem med krass kritikk og meiner det offentlege Noreg har vakse langt utover det vi har langsiktig bærekraft til.

Han meiner at norsk politikk i hovudsak ser ut til å dreie seg om å bruke pengar.

– Ein aukar nokre bevilgningar her og der, og det inneber at nokre forblir tilsett eller blir nytilsett på statlege midlar. I desse jobbane kan det imiderltid godt henda at det vert skapt fleire problem enn dei løyser, seier han i kommentar til Resett.

Han legg til at det offentlege Noreg har vakse langt utover det vi har langsiktig bærekraft til, og det har est langt utover det vi har godt av for eit sunt og fleksibelt samfunn.

– Alle som er tilsett i og avhengig av tilskot og løn frå det offentlege får ein eigeninteresse av å bevare ein mastodont  av  eit byråkrati og pengesluk.

– Folk tviheld på jobbane sine, og ein del av dei skapar unødvendige oppgåver for seg sjølv som dei deretter argumenterer for nødvendigheiten av i neste budsjett. Og slik ballar det på seg år etter år.

Han meiner at Framstegspartiet er i ferd med å mista truverdigheit og må byrje ta sin eigen politikk og identitet på alvor.

Foto: Stortinget.