Det russiske diplomatiet vinn den nye kalde krigen

Professor emeritus og russlandekspert Stephen F. Cohen har i eit intervju med The Nation sagt at Moskva er den mest aktive diplomatiske byen i verda. Det melder nettavisa Steigan.no.

I følgje Cohen er førestillinga om å isolere eit land på Russlands storleik, plassering på det eurasiske kontinentet, ressursar og historie ein hovmodig dumskap.

– Russland ikkje er isolert i det heileteke. Tvert i mot er Moskva den mest diplomatisk aktive byen i verda, og har politiske partnarskap med ei rekkje statar i midtausten og austasia, seier Cohen.

Moskva har også vore senter for fredsforhandlingar som gjeld Syria, Serbia-Kosovo og Afghanistan.

Cohen seier at Putin har tre mål. Det første å sikre Russlands suverenitet. Det andre er hans «Russland først»-politikk, og det tredje å ha forbindelsar med alle land som vil vera partner med Russland.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.